.JPG)
Nils S. Hansen AS anno 2011
|
Gründeren Nils Sæbjørn Hansen seilte som maskinsjef i den norske handelsflåten då han bestemte seg for å reise heim og starte eiga verksemd. Han sikra seg tilstrekkeleg areal på holmen ved innseilinga til Steinshamna til å bygge seg ein mekanisk verkstad med kai. |

Alle tillsette i år 2010 ombord i eit av produkta.
|
I 1969 sto både kai og bygning klar til å sette i gang produksjon. Foretningsideen var å drive service og reperasjonsarbeid for den store fiskeflåten som var her den gongen. Medan han utførte arbeid ombord i ein fiskebåt, kom skipperen og spurte Nils om han ikkje kunne lage eit sett tråldører av stål til han. På den tida var det vanleg at tråldørene var bygd av tre med ei jarnramme rundt
Båten gjekk på sjøen med nye tråldører og etter kort tid var den tilbake med full fangst. Dette vart starten for "Steinshamndøra" og rykta om den nye tråldøra spreidde seg blant båtane. Etter kort tid hadde Nils fulle ordrebøker i lang tid framover. Tråldørproduksjonen var på topp då fiskerikrisa intraff i 1989. |
|

Frank og Lodve mottok medalje for lang og tru teneste etter å ha vore tilsett meir enn 30 år
|
Etter dette vart det samanslåing av kvotar og ferre båtar, noko som førte til at tråldørsalet aldri nådde gamle høgder. Sidan år 2000 er det produsert berre nokre få sett. I 1983 begynte vi å produsere aluminiumsskrog for MOB-båtar for ei naboverksemd. Dette var eit fint supplemang til tråldørproduksjonen og gav oss eit nytt bein å stå på. Frå 1989 vart vi førespurd om å utruste båtane også. Dette gav oss etterkvart kompetanse til å sjå forbetringar som kunne gjerast for å imøtekomme brukarane sine behov. Dette førte til at vi i 1994 designa vår eigen båt som vart kalla "Springer". Denne båten vart seld gjennom Maritime Partner AS og vart svært populær i olje- og offshore industrien. Ein del endringar er blitt utført på båten gjennom desse åra, men designet er det same og etterspurnaden er framleis bra. Nils S. Hansen AS består av ein stabil arbeidstokk som i dag teller i underkant av 20 personar.
|